Gå til hovedtekst | Gå til kommentarer

Beretninger

Institusjoner

Omsorgen i dag

Kilder

Annet

Vestlandet treng ein sentralanstalt med plass til 600,27.09.1952

Vestlandet treng ein sentralanstalt med plass til 600 åndsveike.

Fyrste byggetrin vil gje plass til 250 av dei som treng hjelp.

Ei orientering ved fylkeslækjar Knut Engedal.

Fakta

Datering:
1952-09-27
Perioder:
Før HVPU-reformen

Bergens Arbeiderblad

        Hordaland og heller ikkje Bergen og Sogn og Fjordane har hittil hatt nokon heim for røkt av åndsveike. Bortsett fra nokre få åndsveike som det etter mykje strev har lukkast å skaffa plass på åndsveikeheimar i andre fylker, eller som er tekne mot på sinnsjukehus, har ein alltid vore vist til den private forsyting.
        Mange vil spørja: Kor mange åndsveike har vi i Hordaland, og kor mange av desse treng vera på anstalt? På dette spørsmålet kan vi nå gjeva eit svar som bygger på faktisk kunnskap om tilhøva. Etter å ha samla inn tilfang gjennom alle lækarane, forsorgsstyra, distriktslækarane og andre i fylket, viste det seg at det i Hordaland ved årsskiftet 1951/52 var 455 åndsveike.
        Her er ikke teke med dei evneveike som evneveikeskulane tek seg av, og som dei aller fleste sitt vedkommande med noko hjelp av pårørande eller humnat innstilte mennesker, kan greia seg på eiga hand i samfundet.
I samsvar med dei opplysningane som låg føre om kvar einskild åndsveik, burde 2/3 eller om lag 300 vore på åndsveikeanstalt.
        For Bergen og Sogn og Fjordane sitt vedkomande viste den statistiske granskninga om lag liknande tilhøve samanlikna med folkemengda som i hordaland, slik at den samla oppgåva frå dei 3 fylka synte eit tal på 918 åndsveike i alt.
        Dei fleste av desse åndsveike skapar store hygieniske, sosiale og økonomiske problem i heimane, og det er innlysande at dei åndsveike gjennom privat forsyting i dei fleste tilfelle ikkje kan få den opplæring, det vern og det stell som dei retteleg har krav på i et humant innstilt samfund.
I samsvar med våre oppgåver frå dei 3 vestlandsfylka, og i samsvar med landsplanen for åndsveikeomsorga, bør det reisast en sentralanstalt på Vestlandet, i nærleiken Bergen med plass for om lag 600 åndsveike. Berre på ein såpass stor heim kan dei åndsveike bli differensiert etter alder, kjønn, utviklingsgrad, helsetilstand og arbeidsevne slik at forsytinga og opplæringa kan bli fullt ut forsvarleg.
        Styresmaktene i dei 3 fylka, med fylkesmenn og sosialrådmann i spissen, har gått inn for planen, og eit arbeidsutval er sett ned for å arbeida med sjølve planløysninga. Utvalet gjer framlegg om at det bør reisast ein sentralanstalt med plass for om lag 600 åndsveike. Men at ein i første byggetrinet tek sikte på om lag 250 plassar.
        Sentralheimen er tenkt reist på Bergen kommune sin eigedom, Haukås i Åsane. Vi vonar at vi kan få ein sentralheim, der åndsveike fra dei 3 fylka kan få den beste opplæring, det beste vern og den beste forsyting som eit humant innstilt folk i dag kan yta.
         Har vi først anstalten, er opphaldet for dei åndsveike økonomisk sikra i og med lova frå 1949 om heimar som mottek åndsveiek til pleie, vern og opplæring.
         Men denne sentralaheimen på Vestlandet må reisast straks då trongen til plass for desse ulukkelege menneska er hjerteskjærande stor.

Del med dine venner

Innsendte kommentarer:

Din mening og dine erfaringer er viktige for oss. Vi vil gjerne at du skriver en kommentar eller et minne. Takk for at du legger inn navn og epostadresse, da har vi anledning til å kontakte deg igjen.

Navn:
Epost:
Dette vil jeg si:
Skriv inn tegnene i boksen under.

Vanskelig å se? Prøv et annet bilde
CAPTCHA-bilde
Tegn fra bildet:

Enkelte innlegg kan endres av redaksjonen med hensyn til språk og nødvendig anonymisering. Da kontakter vi deg tilbake. I noen få tilfeller kan hensyn til medmennesker føre til at innlegg ikke blir presentert på sidene.

Bilde til Vestlandet treng ein sentralanstalt med plass til 600,27.09.1952

 

"UHØRTE STEMMER OG GLEMTE STEDER" på nett er et dokumentasjonsprosjekt om utviklingshemmedes historie i Norge. Prosjektet er et samarbeid mellom museene SØR-TROMS MUSEUM, AVD. TRASTAD SAMLINGER, EMMA HJORTH MUSEUM, MEDISINSK MUSEUM PÅ NORSK TEKNISK MUSEUM, SVERRESBORG TRØNDELAG FOLKEMUSEUM OG BYMUSEET I BERGEN. Prosjektet er finansiert gjennom midler fra ABM-UTVIKLING. Produksjon © Histos.