Notice: Undefined variable: PHP_SELF in D:\Home\bymuseet.no\subdomener\institusjon\kontroll\felles.php on line 5
Uhørte stemmer og glemte steder
Gå til hovedtekst | Gå til kommentarer

Beretninger

Institusjoner

Omsorgen i dag

Kilder

Annet

Vidsteentunet dagheim og skule

I 1968 var det klart at fødestova ”Dr. Vidsteens Minde” ville bli avløyst av ei ny fødeavdeling på Fylkessjukehuset på Stord. Dermed ville bygninga kanskje kunna brukast som dagtilbod for psykisk utviklingshemma.

Fakta

Perioder:
Etter HVPU-reformen
Før HVPU-reformen

Deprecated: Function ereg() is deprecated in D:\Home\bymuseet.no\subdomener\institusjon\index.php on line 737
Se nettsted

Deprecated: Function ereg() is deprecated in D:\Home\bymuseet.no\subdomener\institusjon\index.php on line 737
Se nettsted

Vidsteentunet dagheim og skule
Vidsteentunet aktivitetssenter
Podlen Verkstad


Vidsteentunet dagheim og skule på Leirvik kom i drift i 1973 som daginstitusjon for psykisk utviklingshemma born frå Stord og Fitjar. I tilknytning til institusjonen vart arbeidstilbodet Podlen Verkstad opna i 1987. Då kommunane overtok det fylkeskommunale ansvaret for tiltak for psykisk utviklingshemma, vart Vidsteentunet og Podlen vidareført av Stord og Fitjar kommune. Samstundes vart namnet endra til Vidsteentunet aktivitetssenter. Podlen Verkstad er no eit kommunalt aksjeselskap.

Etablering
I 1968 var det klart at fødestova ”Dr. Vidsteens Minde” ville bli avløyst av ei ny fødeavdeling på Fylkessjukehuset på Stord (opna i 1972). Dermed ville bygninga kanskje kunna brukast som dagtilbod for psykisk utviklingshemma. Fitjar og Stord kommune sette difor ned eit utval for å greia ut tiltak for denne gruppa. Som eit straksalternativ vart det våren 1970 det sett i gang eit mellombels dagsenter på Litlabø skule for 9-10 elevar.

Utvalet vart i 1971 erstatta av eit styre for Dagheimen ”Dr. Vidsteens Minde”. Namnet vart endra i 1975 ved oppretting av Stiftelsen Vidsteentunet dagheim og skule. Dagheimen vart opna 3. september 1973, med offisiell innviing 6. november same året. Heimen var godkjend for 16 plassar.

Kommunal overtaking
Institusjonen vart overført til Stord kommune frå 01.01.1991 i samsvar med HVPU-reforma, og vidareført som Vidsteentunet aktivitetssenter. I august 1993 flytta senteret inn i nytt bygg med same adresse. Aktivitetssenteret er eit dagtilbod for ni vaksne personar med psykisk utviklingshemming. Målet er å auka brukarane sin livskvalitet med ulike typar trening.

Podlen Verkstad
I tilknytning til Vidsteentunet vart Podlen Verkstad i Sagvåg oppretta i 1987 som arbeidstilbod for 14 elevar. Ved overføringa frå fylkeskommunen til kommunane vart verksemda kommunalt aksjeselskap med Stord og Fitjar som aksjeeigarar. Attføringsverksemda for yrkeshemma hadde først lokale i Podlen i Sagvåg, men flytta i nytt bygg på Heiane med offisiell opning 23. november 2001. I tillegg til inntekter frå sal av tre- og tekstilprodukt og vedproduksjon får verksemda tilskot frå kommunane og NAV for 20 arbeidsplassar.

Kven var Vidsteen?
Vidsteentunet er oppkalla etter Christian Bang Vidsteen (1832-1915). Han var distriktslege i Ytre Sunnhordland frå 1863 til 1882 med bustad på Stord. Han sa opp embetet for å ofra seg for å granska målføra i Hordaland. Vidsteen og kona Birgitte hadde ikkje etterkomarar. Dei testamenterte difor eigedomen sin til kommunen. Huset, Dr. Vidsteens Minde, vart nytta som sjukestove og fødestove før Vidsteentunet overtok. Vegen frå Skrivarvegen til Sunnhordland Museum heiter Vidsteensvegen.

Uprenta kjelder
Arkivet etter Vidsteentunet dagheim og skule, Hordaland fylkesarkiv.

Prenta kjelder
Eskeland, Severin: ”Ein god son av si heimbygd”. Chr. Vidsteen. I: Sunnhordland årbok 1948: 63-95. Stord bygdebok III: 201-204.

Del med dine venner

Innsendte kommentarer:

Din mening og dine erfaringer er viktige for oss. Vi vil gjerne at du skriver en kommentar eller et minne. Takk for at du legger inn navn og epostadresse, da har vi anledning til å kontakte deg igjen.

Navn:
Epost:
Dette vil jeg si:
Skriv inn tegnene i boksen under.

Vanskelig å se? Prøv et annet bilde
CAPTCHA-bilde
Tegn fra bildet:

Enkelte innlegg kan endres av redaksjonen med hensyn til språk og nødvendig anonymisering. Da kontakter vi deg tilbake. I noen få tilfeller kan hensyn til medmennesker føre til at innlegg ikke blir presentert på sidene.

Under ser du alle tekstene som er registrert fra Sør-Norge.

 

"UHØRTE STEMMER OG GLEMTE STEDER" på nett er et dokumentasjonsprosjekt om utviklingshemmedes historie i Norge. Prosjektet er et samarbeid mellom museene SØR-TROMS MUSEUM, AVD. TRASTAD SAMLINGER, EMMA HJORTH MUSEUM, MEDISINSK MUSEUM PÅ NORSK TEKNISK MUSEUM, SVERRESBORG TRØNDELAG FOLKEMUSEUM OG BYMUSEET I BERGEN. Prosjektet er finansiert gjennom midler fra ABM-UTVIKLING. Produksjon © Histos.