Gå til hovedtekst | Gå til kommentarer

Beretninger

Institusjoner

Omsorgen i dag

Kilder

Annet

Vestlandsheimen

Vestlandsheimen blei bygd som sentralinstitusjon for psykisk utviklingshemma frå Bergen, Hordaland og Sogn og Fjordane i utmarka til Haukås arbeidsgård i Åsane.

Dei første avdelingane kunne takast i bruk 25. april 1962, medan den offisielle opninga for ”Vestlandsheimen for åndsveike” var 11. september 1964. Vestlandsheimen vart ein viktig arbeidsplass og på kort tid ein kjend institusjon. Heimen vart avvikla i første del av 1990-åra. Bygningar og område har sidan vore nytta til m.a. undervisning, asylmottak og fengsel.

Initiativ og planar
I januar 1951 søkte Bergensavdelinga av Diakonforbundets Nærlandskomité om støtte frå Hordaland fylkeskommune til Nærlandsheimen på Jæren. Heimen hadde teke mot psykisk utviklingshemma, også frå Hordaland og Bergen, sidan 1948. Fylkeslege Knut Engedal tilrådde søknaden, men meinte elles at Bergen, Sogn og Fjordane og Hordaland burde ”gå saman om å reisa ein sentralanstalt for åndsveike på Vestlandet”. Det vart straks sett ned eit arbeidsutval med fylkeslegane og stadsfysikus i Bergen for å utgreia saka. I samsvar med dei nasjonale planane for utbygging av sentralinstitusjonar, gjekk dei tre partane i 1954 inn i eit samarbeid om å reisa heimen på Haukås arbeidsgård i Åsane. Men først fire år seinare vart det gjort endelege vedtak om eit første byggjesteg med 260 plassar. I tillegg til stat, fylke og kommune, vart det ytt midlar til frå ei rekkje frivillige organisasjonar og privatpersonar. Heimen vart organisert som ein eigen stiftelse.

Oppbygging og avvikling
Det vart bygd paviljongar for born og vaksne, saman med administrasjonsbygg og personalbustader.
Det blei snart behov for meir plass, og etter at byggjesteg II vart gjennomført 1967–73, hadde heimen ti internatbygg med 19 avdelingar godkjent for 353 psykisk utviklingshemma. I tillegg disponerte heimen 150 hyblar og 10 familiebustader. Her var eigen personalbarnehage med plass til 50 born. Ein hjelpepleiarskule for vernepleie var tilknytta institusjonen frå 1976. Skulen vart frå 1983 ein del av Bergen hjelpepleierskole som i 1992 skifte namn til Lønborg videregående skole.

I 1980-åra vart institusjonen nedbygd frå rundt 400 til vel 200 psykisk utviklingshemma med eit personale på kring 500. Som følgje av HVPU-reforma (Helsevern for psykisk utviklingshemma) skjedde ei gradvis avvikling av Vestlandsheimen i første del av 1990-åra. Ansvaret for psykisk utviklingshemma vart no overført frå fylkeskommunen til kommunane, og dei som budde her, flytta til heimstadene sine. Bergen kommune ved Åsane bydelsadministrasjon overtok driftsansvaret for Vestlandsheimen frå 01.11.1992. Då hadde heimen framleis 100 brukarar og 240 stillingsheimlar. Først i januar 1996 flytta den siste brukaren til eiga leilegheit i Ytre Arna.

Ny bruk av anlegget
Frå hausten 1996 leigde Hordaland fylkeskommune ut delar av anlegget til Norsk Lærerakademi. Akademiet kjøpte etter nokre år dette området, der dei utdannar lærarar både til grunnskulen og førskulen. Vestlandsheimen asylmottak vart etablert hausten 1998. Året etter hadde mottaket rundt 280 flyktningar. Det vart nedlagt hausten 2005. Idrettsbygget ved Vestlandsheimen har vore brukt av skular, idrettslag og grupper av psykisk og fysisk utviklingshemma. Sofus barnehage som hadde lokale her, måtte flytta ut i 2006, då fylkeskommunen leigde ut til eit mellombels, ope fengsel for 90 fangar. Bjørgvin fengsel vart bygd av dei første fangane. Elles har fylkeskommunen lagt ut for sal både bygningar på Vestlandsheimen og området ned mot Sørfjorden der det tidlegare ikkje har vore nokon byggeaktivitet.

Uprenta kjelder
Hordaland fylkesarkiv: Vestlandsheimens arkiv, Knut Engedal: Offisiell åpning av Vestlandsheimen for åndsveike 11. september 1964. Utgreiing. 11 s.

Prenta kjelder
Frode Fyllingsnes: Åsane I – i fortid og nåtid, bd. I. Bergen 2007, s. 311-312.
Hordaland fylkestingsforhandlingar.

Del med dine venner

Innsendte kommentarer:

Din mening og dine erfaringer er viktige for oss. Vi vil gjerne at du skriver en kommentar eller et minne. Takk for at du legger inn navn og epostadresse, da har vi anledning til å kontakte deg igjen.

Navn:
Epost:
Dette vil jeg si:
Skriv inn tegnene i boksen under.

Vanskelig å se? Prøv et annet bilde
CAPTCHA-bilde
Tegn fra bildet:

Enkelte innlegg kan endres av redaksjonen med hensyn til språk og nødvendig anonymisering. Da kontakter vi deg tilbake. I noen få tilfeller kan hensyn til medmennesker føre til at innlegg ikke blir presentert på sidene.

Under ser du alle tekstene som er registrert fra Sør-Norge.

Bilde til Vestlandsheimen

En av bygningene på Vestlandsheim, da den var i bruk som asylmottak i perioden 1998 - 2005

Foto: ukjent

 

"UHØRTE STEMMER OG GLEMTE STEDER" på nett er et dokumentasjonsprosjekt om utviklingshemmedes historie i Norge. Prosjektet er et samarbeid mellom museene SØR-TROMS MUSEUM, AVD. TRASTAD SAMLINGER, EMMA HJORTH MUSEUM, MEDISINSK MUSEUM PÅ NORSK TEKNISK MUSEUM, SVERRESBORG TRØNDELAG FOLKEMUSEUM OG BYMUSEET I BERGEN. Prosjektet er finansiert gjennom midler fra ABM-UTVIKLING. Produksjon © Histos.